Kan du beskrive bustaden din? teksten A2-B1




Bustaden min

Eg bur i ein småby, og byen min heiter Ulsteinvik.

Ulsteinvik har ikkje så mange menneske, men han har fin natur, snille menneske, høge fjell og nydeleg sjø.

For ein månad sidan flytta eg og mannen min inn i ei ny leilegheit. Leilegheita mi ligg i ei blokk, ho er moderne, og større enn ho som vi hadde før.

Leilegheita mi har 3 rom, eit soverom, ei stove, eit kjøkken, eit bad og ein garderobe.  

Ho er tilsaman ca.75 kvm. Fordelane med bustaden min er at han er stor og fin, men ulempene med bustaden min er at han er svært roleg.

Leilegheita mi er ikkje så langt frå sentrum, og ho er nær skulen.

Eg har lyst til å bu meir sentralt enn no fordi eg ikkje vil gå så langt.

Bustaden min er meir praktisk enn han som eg hadde før, men eg saknar det gamle huset fordi blokka mi hadde utsikt over Ulsteinvik, og det er fantastisk.

Eg og mannen min leita etter nytthus, og vi betaler 8350 kr. kvar månad utan straum, men oppvarming av golvet er inkludert.

Vi leita etter huset vårt på finn.no, og etterpå snakka vi med utleigar, så såg vi huset.

Til slutt vart vi einig om den. Når eg har pengar, skal eg kjøpe ein einebustad med stor hage, og eg vil plante forskjellige grønsaker og blomster der.

Kanskje sluttar krigen i Syria, og vi skal reise tilbake og reparere huset vårt.

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: