Barneoppseding (B1)




I gamle dagar sa ein ofte at barna skulle ein sjå, men ikkje høyre. Foreldre og andre vaksne sette strenge grenser for barna, som ikkje hadde nokon rett til å bestemme sjølve. Dersom dei gjorde noko gale, kunne dei få ris. På den måten ville ein lœre barna å bli lydige og å ha respekt for autoritetar.

 I dag oppdreg vi barna på ein annan måte. Vi vil at barna skal lœre å bli sjølvstendige og klare seg sjølve. Samtidig skal dei lœre å ta omsyn til andre. og lære av feila sine.

 Derfor får dei mykje fridom dersom dei oppføre seg bra.

 Nesten alle norske barn er med på ein fritidsaktivitet om ettermiddagen. Mange driv med idrett eller musikk. Når det er kamp eller konkurranse, kjem foreldra og ser på. Dei køyrer også ofte barna til treninga. Mor og far må også vere med på dugnader for idrettslaget eller skulekorpset. Ein dugnad kan vere å rydda på fotballbana eller å lage loppemarknad for å tene pengar til skulekorpset.

                                                                            

På denne måten bruker foreldra mykje tid saman med barna.        

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: