Gradbøying av adjektiv




Vi bruker gradbøying av adjektiv når vi samanliknar. Adjektivet har tre former:

 positiv  komparativ  superlativ  superlativ bestemt form
 fin  finare enn  finast  den finaste
 varm  varmare enn  varmast  den varmaste
 snill  snillare enn  snillast  den snillaste
 høg  høgare enn  høgast  den høgaste
 sterk  sterkare enn  sterkast  den sterkaste

Vi set -are i komparativ og -ast i superlativ. I bestemt form set vi på ein ekstre -e i superlativ.

Komparativ

  • Når vi samanliknar noko, bruker vi komparativ (are) + enn:
  • Per er høgare enn Marianne.
  • Du er flinkare enn meg.
  • Fisk er sunnare enn hamburgar.

Superlativ

  • Når vi vil snakke om eit maksimum, bruker vi superlativ (ast):
  • Per er høgast i klassa.
  • Du er flinkast i klassa.
  • Fisk er sunnast.

I superlativ kan vi også bruke bestemt form. Då adjektive endinga -aste.                                           

  •  den høgaste guten – det nyaste huset – dei finaste byane                                                           Vi bruker superlativ bestemt form genitivs -s:
  • Noregs høgaste fjell – verdas snillaste hund.

Spesielle reglar

  • Adjektiv som sluttar -el og -er, får samantrekt form:
  • vakker- vakrare- vakrast– den vakraste
  • enkel- enklare– enklaste– den enklaste

Bøyning med meir og mest

Nokre adjektiv får inga forandring i komparativ og superlativ, men vi set meir og mest framfor:

  • moderne – meir moderne – mest moderne – den mest moderne.
  • populær – meir populær – mest populær – den mest populære.

Uregelrette adjektiv

Nokre adjektiv skiftar vokal og forandrar seg mykje

 god  betre  best  den beste
 dårleg  verre  verst  den veste
 gammal  eldre  eldst  den eldste
 ung  yngre  yngst  den yngste
 stor  større  størst  den største
 liten  mindre  minst  den minste
 lang  lengre  lengst  den lengste
  • Joelle er yngre enn Stine og Yakeen.                                       
  • Steine er eldre enn Joelle, men ho er yngre enn Yakeen.
  • Yakeen er eldre enn Steine og Joelle.
  • Joelle er yngst. Ho er den yngste av alle.
  • Yakkeen er eldst. Han er den eldste av alle.
Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: