Er du rett person for jobben?




Kompetanse

Dei fleste jobbar krev ein type kompetanse. Jobbsøkjarar som manglar kompetanse, kan få støtte til opplæring frå NAV. Vaksne som treng meir kompetanse, kan også ta etterutdanning eller omskulere seg til eit anna yrke.

Utdanning og ferdigheiter

Det kan vere vanskeleg å få jobb utan kvalifikasjonar, og utdanning er viktig. Vaksne utan utdanning har rett til grunnskule og vidaregåande opplæring. Personar som kjem til Noreg med utdanning frå andre land, kan søkje om å få utdanninga si godkjend i Noreg.

Dei som har skaffa seg kunnskap og ferdigheiter på andre måtar, kan få vurdert realkompetansen sin og få eit dokument som viser kva dei kan. Dei kan bruke dokumentasjonen til å søkje vidare utdanning og til å ta fagbrev i eit yrke.

Personar som er faglærte og har fagbrev, får høgare lønn enn dei som er ufaglærte.

Personlege eigenskapar

Det er ikkje berre utdanning, ferdigheiter og erfaring som tel når vi søkjer jobb. Vi må også ha personlege eigenskapar som passar til jobbane vi søkjer på. Personlege eigenskapar fortel korleis vi er som personar. Nokre eigenskapar er positive, mens andre er negative. Når du søkjer jobb, må du vise deg fram på ein måte som gir eit godt inntrykk.

    Positive eigenskapar                                                                    Negative eigenskapar 

  • Ærleg og påliteleg                                                                ikkje til å stole på (uærleg)
  • Arbeidsam                                                                               Lat
  • Positiv haldning                                                                     Dårleg humør
  • Flink til å samarbeide                                                             Sjølvgod
  • Kan ta initiativ og jobbe på eiga hand                                   Passiv

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: