Kva er klimaendringar? (B1)




Klimaendringar er når gjennomsnittsvêret endrar seg over tid. FN meiner menneske si forureining og bruk av naturressursar skaper dei klimaendringane vi ser i dag. Klimaet på jorda har alltid endra seg. Og sjølv om endringar i solaaktiviteten påverkar klimaet trur no forskarar for første gong at dei endringane vi opplever i stor grad er menneska sin feil.

Vi slepp ut for mykje CO2 og høg ned for mykje skog, særleg i regnskogen. Då stig temperaturen på jorda og forskarane kallar dette for global oppvarming. Då blir vêret annleis enn slik det bruker å vere. Det blir meir tørke og kraftigare regntid. Ekstremvêr og store stormar blir meir vanleg, og ein trur at verdshava vil stige fordi polane smeltar.

Menneske sine klimagassutslipp

FN sitt klimapanel er ganske sikre på at menneska sine utslepp av klimagassar har ført til at klimaet i verda endrar seg. Dette skjer når våre utslepp av klimagassar som for eksempel CO2 er høgare enn det jordkloda klarer å absorbere av seg sjølv.

Kva er CO2 ?

CO2 er ein klimagass som fins naturleg i lufta. Men når vi forbrenn for eksempel olje forstyrrar vi jorda sin naturlege balanse slik at det blir for mykje CO2 i lufta. Vi seier derfor at klimaproblema er menneskeskapte.

Kloden blir varmare

Når vi slepp ut meir klimagassar enn det jordkloda sjølv klarer å absobere, skaper vi det som vert kalla auka drivhuseffekt. Dette er det vi kallar global oppvarming. FN sitt klimapanel meiner det sannsynleg at temperaturen på jorda vil stige mellom 1,1 og 6,4 grader i løpet av dei neste hundre åra.

Havet stig

Klimaendringane fører til at isen på polane smeltar. Dette fører igjen til at havet stig. For menneske som bur ved kysten, kan dette få dramatiske føgler. For eksempel trur forskarane at 80% av Maldivene kan bli liggande under vatn.

Endra nedbør

Nokre delar av verda vil dei neste åra kome til å få meir og kraftigare nedbør, medan andre vil få mindre. Dette betyr at nokre delar av verda vil vere veldig sårbare for flaum og oversvømmingar, medan andre vil få meir tørke. Forskarane trur også vi vil kome til å få meir ekstremvêr i åra som kjem.

⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒Følg oss på sosiale nettsider⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
%d bloggere liker dette: