Vestlandet ( 2 )




Vestlandet

På Vestlandet finn du høge fjell og djupe fjordar. Langs fjordane driv folk med ein del jordbruk og

fruktdyking, men dei største og beste jordbruksområda på Vestlandet ligg på Jæren, like sør for Stavanger.

Industri

Det er også fleire større industristader på Vestlandet med tungindustri som treng mykje elektrisk

kraft. På Vestlandet var vegen til fossane, som gav elektrisk kraft, kort og krafte blei billig. Men

mykje av denne industrien har blitt lagt ned dei siste tjue åre, og mange arbeidsplassar har blitt borte.

Olje

I 1960-åra blei det oppdaga olje under havbotnen i Nordsjøen, og frå 1970 har Noreg produsert

olje og gass. Oljeindustrien har gitt mange nye arbeidsplassar, både på land og på plattformene i

Nordsjøen. Stavanger er senteret for oljeindustrien i Noreg.

Bergen

Bergen er den nest største byen i Noreg, og gjennom mange hundreår var Bergen den viktigaste

byen i landet. Byen var eit senter for eksport av fisk. Fiskarane frå Nord-Noreg reiste til Bergen med

fangsten sin, og her blei han selt vidare til utanlandske kjøparar.

Stavanger

Stavanger er den fjerde største byen i Noreg og ligg i Rogaland. Byen blir kalla

Noregs olje-hovudstad fordi mange oljeplattformar. Stavanger er også kjent for dei gamle, små og

kvitmalte trehusa i sentrum.

Fiske

Det tradisjonelle fisket har alltid vore viktig for folk på Vestlandet. Framleis er det nokre som driv fiske langs kysten, men i dag er det mest fiske frå store havgåande fiskebåtar og fiskeoppdrett.

Turisme

Turisme er også ein viktig næringsveg på Vestlandet. Fjordane på Vestlandet er kåra til eit av verdas beste reisemål.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: