Arbeidserfaringa til Mali (A2-B1)

Annonser
google.com, pub-3483725774708705, DIRECT, f08c47fec0942fa0




Arbeidserfaringa til Mali

Mali har ikkje yrkeserfaring frå Noreg, men i Thailand jobba ho både seljar, servitør og fabrikkarbeidar.

Foreldra hennar er bønder og har ein liten bondegard. Dei dyrkar mais, ris og tomatar. Dei har også kyr, grisar og høner.

Mali hjelpte foreldra sine. Ho arbeidde på garden, og ho selde egg, ris og grønsaker på marknaden i landsbyen.

Då ho var 20, flytta ho til Bangkok. Der begynte ho å jobbe på ein fabrikk som produserte klede. Seinare var ho servitør på ein restaurant. 

Framtidsplanane til Mali

Mali trefte Jan som var på ferie i Thailand, og dei forelska seg i kvarandre.

Mali og Jan var kjærestar i eitt år før dei gifta seg i Thailand. Etter bryllaupet flytta dei til Noreg, og ho begynte på norskkurs.

No ønsker ho å få seg ein jobb i Noreg. Ho vil gjerne jobbe med menneske. Mali er veldig glad i barn, og ho har lyst til å jobbe som assistant i ein barnehage.

Ho har ikkje jobba i barnehage før, og veit at det er vanskeleg å få jobb utan erfaring eller utdanning. Men søstera til Jan jobbar i ein barnehage, og ho seier at mange barnehagar treng vikarar.

Mali skriv litt om seg sjølv, og lagar ein CV. Ho vil prøve å få jobb i ein barnehage.

,

 

⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒⇒Følg oss på sosiale nettsider⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐⇐

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
%d bloggere liker dette: