Klima i Noreg (A2-B1)

Klimaet har fire årstider: vår, sommar, haust og vinter.

Klimaet i Noreg er ulik frå landsdel til landsdel.

Vi seier at kysten har milde og snøfattige vintrar, medan inne i landet er det kalde vintrar med mykje snø.



Til gjengjeld har innlandet ofte varme og tørre domtar. Vestlandet har meir regn enn Austlandet. Det er ofte mykje

vind langs kysten, særleg om hausten.

Det er også stor forskjell på dagslys nord og sør i landet. Dess lenger

nord i landet ein er, dess kortare er dagane om vinteren.

I Hammerfest er det mørketid i nesten to månadar om vinteren.

Då er det ikkje dagslys i det heile teke. Men om sommaren er det heilt

motsett. Då shin sola midt på natta. Dette blir kalla midnattssol.

Sør i landet er det også stor forskjell på kor lange dagane er om sommaren og vinteren.

Men i sør er det verken mørketid eller midnattssol.

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: