Bjørnstjerne Bjørnson (B1)

Forfatteren Bjørnstjerne Bjørnson blei fødd i Kvikne i Østerdalen i 1832. Han var presteson av bondeslekt, og eldstemann i ein søskenflokk på seks. Då han var fem år, fekk faren ny jobb, og familien flytta til Nesset prestegard i Romsdalen. Det var her Bjørnson voks opp.

Som 18-åring flytta Bjørnson til hovudstaden for å studere bed Heltbergs studentfabrikk. Han begynte yrkeslivet sitt som journalist, og i 1855 skreiv han fast for avisa Morgenbladet.



Seinare i livet jobba han som teatersjef, først i Bergen og så i hovudstaden Kristiania.

I 1857 publiserte Bjørnstjerne Bjørnson Synnøve Solbakken, som var den første av fleire bonderomanar. I 1858 gav han ut romanen Arne. Deretter skreiv han romanen En glad gutt, som kom ut I 1860, og så Fiskerjenten i 1868. Desse fire bøkene er dei viktigaste av bondeforteljingane til forfatteren. Dei gjorde Bjørnson til ein kjend forfattar både i Noreg og i utlandet. I 1875 flytta han til garden Aulestad i Gudbrandsdalen, og budde vekselvis der og i utlandet (Roma, Tyrol og Paris) fram til han døydde i 1910. Bjørnson var medlem av den første Nobelkomiteen, som blei oppnemnd i 1897, og i 1903 fekk han Nobelkomiteen i literatur.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: