Kjærleik er viktig for både gamle og unge (B1)

Vi møtte kvarandre for første gong på ein dans for vaksne for fem år

sidan. Eg såg henne og syntest at ho var ei flott dame.



Det var mange som ville danse med henne, og då det blei min tur, var

eg veldig spent. Heldigvis har eg alltid vore ein god dansar, og eg

følte at det gjekk veldig bra. Vi hadde god rytme, og praten etterpå gjekk lett.

To veker seinare møtte eg henne igjen på ein annan dans, og då

spurde eg om ho ville bli med ut på restaurant. Då ho sa ja, følte eg

meg som den lykkelegaste mannen i verda.

Vi er så forelska, og eg føler at det verkar positivt på heile kroppen.

Sjølv om vi er gamle, føler vi oss som ungdommar. Kjærleik er viktig for både gamle og unge.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: