Rikdom og fattigdom i den globaliserte verda

Kvifor er nokre land rike, medan andre er veldig fattige?

Ulike syn forklaringsmodellar:

  • Tradisjonelt har liberalistane hevda at årsakene fyrst og fremst er indre faktorar i U- landa.
  • Strukturalistane har hevda at det er dei rike landa og kolonitida som har lagt grunnlaget for dei store skilnadene.
  • I nyare forklaringsmodellar har desse syna langt på veg konvergert. Dette blir ofte kalla poststrukturalisme.


Ulike grunnar til den skeive fordelinga av velferd 

  • Mange av dagens u- land var tidlegare koloniar. Men fattige land som til dømes Liberia, Etiopia og Afghanistan var aldri fullt ut koloniar.
  • Kolonitida blir ofte brukt som argument for at utviklinga i u- land har gått seint. Men likevel ser ein at dei koloniserte områda av desse landa er dei som har greidd seg best etter avkoloniseringa. Europearane la mellom anna att mange grunnlagsinvesteringar.
  • Mange u- land har få naturressursar. Men også i- land som Island og Japan har få naturressursar.
  • Dei fleste vestlege landa industrialiserte før u- landa og har derfor lenger erfaring med internasjonal handel.
  • Dei vestlege landa bygde opp sine økonomiar bak høge tollmurar og importforbod. I dag ønsker det rike landa og store internasjonale organisasjonar frihandel på den globale arenaen.
  • U- landa manglar ofte eit velfungerande forvaltingssystem.
  • Ein snakkar då om ei systemkrise.
  • Mange av u- landa har lågt utdanningsnivå, er råka av epidemiar og er ramma av “hjerneflukt”.
  • Korrupsjon, manglande tradisjon for demokrati og dårleg arbeidsmoral blir også brukt som forklaringar.
  • Ein snakkar også i nokre område om at mentaliteten i folkesetnaden hindrar økonomisk vekst.
  • Fattigdom er “ein vond sirkel” som det kan vere vanskeleg å kome ut frå.
  • Likevel ser ein at mange land, NIC- landa, er i ferd med å bygge opp moderne statar delvis etter same mønster som landa i Vesten har gjort det.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: