Sosialisering

Sosialisering vil seie at vi blir lœrte opp til å fungere i samfunnet, og da må vi tileigne oss dei normene og rollene som gjeld. Denne prosessen går føre seg gjennom heile livet.

Sosialiseringa er meir intens i barne og ungdomsåra enn seinare, men vi lærer nye normer og vi går inn i nye roller så lenge vi lever. Vi skil vanlegvis mellom to former for sosialisering: primærsosialisering og sekundærsosialisering.

Primœrsosialiseringa eller den første sosialiseringa er den som går føre seg i heimen og privat. Dei grunnleggjande verdiane og haldningane vi har, er eit resultat av primærsosialisering. Barn far tilfredsstilt behava sine av dei vaksne, som viser omsorg og gir merksemd, set grenser og lœrer barna kva som er rett og gale.



Sekundærsosialisering er den som går føre seg utanfor heimen, og som i det norske samfunnet vanlegvis begynner i barnehagen og blir ført vidare i utdanningssystemet og i arbeidslivet. Vi lœrer korleis vi skal vere saman med andre menneske enn dei vi kjenner frå familien, og korleis vi skal opptre i nye situasjonar. Det krevst ganske mykje av eit barn som nettopp har begynt i barnehagen, der det er andre reglar enn heime og fleire personar å vere saman med. Vennene dine ventar kanskje noko heilt anna av deg enn det foreldra dine gjer. Heile livet er ein constant sosialiseringsprosess. Vi må tilpasse oss mange ulike situasjonar og lœre ulike sosiale kosar. Både primærsosialiseringa og sekundærsosialiseringa går føre seg samtidig. Grensene Mellom primær og sekundærsosialisering er ikkje så tydelege i dag er begge foreldra i dei fleste familiar ute i arbeid , og barn bruker meir tid i barnehagen, på skolen og i skolefritidsordninga. Eit anna trekk ved dagens samfunn er den store innverknaden massemedia har på oss.

Barne-tv, filmar, teiknesriar og blad er også ein viktig del av sosialiseringsprosessen. Alle samfunn har klare rammer for kva som er vanleg, og kva som ikkje er det. At dei fleste handlar etter gjeldande normer og reglar, er det vanlege. Men det er ikkje alltid lett å tilpasse seg dei ulike krava vi møter i kvardagen. Somme gonger bryt vi dei normene og forventningane som blir stilte til oss. Alvorlege brot på normer og lover blir vanlegvis oppfatta som noko negativt. Dei som bryt normene, avvik altså frå det som omverda reknar som akseptabelt. Det gjeld for eksempel kriminelle.

Men ikkje alle som bryt normer, er kriminelle. Somme av oss er kanskje litt annleis ein fleirtalet, litt originale, litt uvanlege. Andre går med vilje inn for å vere annleis og for å bryte aksepterte normer og roller. Men fordi normene i samfunnet endrar seg heile tida, kan det hende at dei etter ei tid ikkje lenger blir oppfatta som normbrytarar og annleis samfunnet har akseptert nye normer. Punkarar kan vere eit eksempel på ei slik utvikling.

Då dei første punkarane dukka opp mot slutten av 1970 åra, møtte dei mange negative sanksjonar. I dag blir dei i dei fleste miljø ikkje lenger sedde på som avvikarar.

Det er også slik at noko kan vere akseptert i eitt miljø, men oppfatta som avvik i eit anna. Som regel er det større aksept for brot på sosiale normer i ein storby enn det er i eit bygdemiljø, og i strengt religiøse samfunn er det gjerne vanskelegare å bryte med dei normene som gjeld, enn i meir opne samfunn. I Noreg er det generelt enklare enn i mange andre samfunn à velje normer som skil seg frå fleirtalet.

Eit eksempel på at ei gruppe kan skilje seg ut frå fleirtalet, men kanskje likevel ikkje stå for noko stort avvik, er gotharane.

Gotharar er ein subkultur som har eksistert sidan 1980- åra. Dei skil seg ut mellom anna ved å bruke svarte klede og svart sminke, og dei kan ofte ha eit ytre som mange assosierer med satanistar. Men undersøkingar viser at gotbarane ofte står for ganske tradisjonelle verdiar. I mange tilfelle vel dei yrke som lege, arkitekt, journalist og advokat når dei vaksne- yrke som representerer verdiar I den høgare middelklassa.

Gotharar set stor pris på utdanning og kunnskap, på litteratur, klassisk musikk og biletkunst. Dei er ofte blant dei flinkaste i gruppene sine på skolen. Dei er sjeldan tiltrekte av satandyrking, og det er få blant dei som misbruker rusmiddel.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: