Religion og kultur

Mange kolturelle trekk har religiøst opphav. Reglar for kva som er lov å ete eller drikke, er eksempel på påverknad frå religion.

Det same gjeld forholdet til alkohol og rusmiddel. Klesdrakta kan også vere prega av religionen.



Mange tilpassar det religiøse på ein heilt problematisk måte til det moderne livet i dagens samfunn, jamvel om dei religiøse tekstane blei skrivne ned i ei anna tid, i somme tilfelle for fleire tusen år sidan.

Det er mogleg å praktisere religionen sin “etter bok”, men det vil vere ei ganske konservativ og tradisjonell gudsdyrking.

 I Noreg har vi eit kyrkjesamfunn som er statskyrkje, og mange kyrkjelege høgtider er også offentlege høgtidsdagar, slik som første juledag og påskehøgtidsdagane.

Grunnskolen har ein kristen formålsparagraf. 

I 2008 fekk Den norske kyrkja sjølv rett til utnemne biskopar, noko regjeringa hadde gjort fram til da. Mange ser denne endringa som eit teikn på vi går mot eit skilje mellom kyrkje og stat i Noreg. Debatten om dette temaet er framleis i gang.

Skal staten råde over kyrkja og kyrkja over samfunnet? Korleis vil du sjølv merke det dersom Den norske kyrkja ikkje lenger blir statskyrkje? Jamvel om Noreg har ein kristen hovudkultur, har religionen mindre innverknad på kultur og samfunn her enn i mange andre land. 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: