Tid

Vi har mange tidsuttrykk med preposisjonar som fortel kor lenge noko varer, eller når noko skjer eller skjedde.

i + årstal, månader, veker og andre tidsperiodar:

i 2019, i mars, i neste veke, i ferien, i helga, i år.

på + vekedagar

på måndag, på tysdag, på onsdag, på torsdag, på fredag, på laurdag, på søndag

om + eit bestemt tidspunkt i framtida:

om to veker, om eit halvt år, om hausten, om natta, om dagen, om kvelden

for – sidan + eit bestemt tidspunkt i fortida:

for ei veke sidan, for fire år sidan, for to dagar sidan

før og etter:

før ferien, før jobb, etter skulen, etter filmen

I + ubunden form av substantivet:



Notid:

I haust skal eg jobbe mykje. ( Det er haust no.)

Fortid:

I sommar slappa eg av. ( Den sommaren som nett har vore.)

Framtid:

I vinter vil eg lœre å gå på ski. ( Vinteren som kjem no.)

Om + bunden form av substantivet:

Noko som skjer ofte:

Om morgonen har eg som regel dårleg tid.

Noko generelt:

Om sommaren er nettene lyse.

Vi kan bruke til + årstid i bunden form når vi fortel om framtid:

Til hausten skal eg flytte.

Eg gler meg til sommaren.

På + tid

Eg har ikkje sett mora mi på fleire år.

Kan eg lœre norsk på eitt år?

Han har ikkje vore i heimlandet sitt på over åtte år.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: