Dei skal til sjøen

Far og Roba køyrer bil.

Dei skal til sjøen.

Dei har badebukser med.

Far og Roba vassar uti.

Roba får sjø på knea sine.



Far får sjø på leggene sine.

Dei vassar vidare.

Far får sjø på magen.

Roba heilt opp til halsen.

Sjøen er stor.

Og kald.

  • Herrrleg, seier far.

Han slår seg på magen så spruten star.

Roba må le.

  • Ler du av meg? spør far.
  • Ja, seier Roba og kastar seg uti.

Ho tok kraftige tak.

Bort frå far.

Bort frå den store, kvite magen.

Roba sym og sym.

Ho liker å symje.

Ho er flink å symje.

  • Kor flink du er, Roba, roper far.

Og da blir ho enda flinkare.

Og enda meir modig.

Ho dukkar under.

Ho forsvinn ned i djupet.

Djupare.

Djupare.

Heilt ned på botnen.

Med opne auge.

Ein fisk fer forbi.             

Ei manet.     

Ei krabbe.                         

Og ein kval!                   

Hjelp, ho må opp!

Ho baskar seg opp.

Puuu…, pustar Kvalen.

Roba sym mot land.

Fortare.

Fortare.

Ho tar i alt ho kan.

For puuet kjem nærare.

Puuu…, pustar det.

Nærare.

Nærare.

Puuu…

Kvalen kjem stadig nærare.

Vil han ete Roba?

Puuu….

Roba sym

Ho sym

Ho sym

Endeleg kan ho vasse i land.

Endeleg kan ho puste, ho óg.

Og endeleg kan ho snu seg.

Puuu, seier det ute i sjøen.

Så kjem det opp ute i sjøen.

Øvst på ein diger mage.

  • Herrrleg, seier kvalen og slår på magen.

Roba spring til.

Rett i armane på kvalen.

Etterpå sym dei to kvalane ein lang tur før dei set seg på stranda i våte badebukser.

Dei ser på sjøen.

  • Sjøen er stor, seier far.
  • Full av kvalar, seier Roba.
  • Langt borte, ja, seier far.
  • Men i vår sjø, seier Roba.

Dei snakkar.

Og snakkar.

Til badebuksene er tørre.

Da køyrer dei heim.

Far og Roba.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: