Lin vil berre ha fred

Det blir kveld.

Det blir stilt.

Ute og inne.

Alt er komme til ro.

 Lin òg.

Alle er stille unntatt far.



Han ryddar.

Han går att og fram.

Og heile tida held han auge med Lin.

Lin som sit så stille.

  • Er du trøtt? spør far.
  • Nei, svarer Lin.

Lin sit.

Far ryddar.

Men så stansar han.

På nytt kjem han bort til Lin.

  • Er du trist? spør far
  • Nei, svarer Lin.

No er far ferdig med å rydde.

Men ikkje med å spørje.

  • Vil du ha ei skrive, Lin?
  • Nei.
  • Kva med ein kopp kakao?
  • Nei.
  • Eller eit eple?
  • Nei! roper Lin.

Far tenkjer seg om.

Så går han.

På ta.

Han stiltrar seg.

Så stilt han kan, går han bort frå Lin.

Lin ser opp.

Ho må verkeleg sjå på far.

Og han snur seg.

Og ser på henne.

  • Du vil berre ha fred? kviskrar far.
  • Ja, seier Lin.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: