Ester lengtar

Ester bur heilt i enden av gata.

Heilt nedst i huset.

Ho tør ikkje gå ut.

Ester kjenner ingen i byen, og ho er redd for å gå seg vill.

Kvar dag går guten med hunden forbi.

” Kom, Vennen!” roper guten.

Ein dag opnar Ester vindauget og lokkar:

” Kom, Vennen!”

Hunden hoppar inn til Ester.



” Vennen! Kvar er du?”

Ester høyrer at guten græt.

Ho går ut på gata.

” Slepp hunden min!” seier guten.

” Eg vil ha Vennen”, svarer Ester.

” Kjøp ditt eige dyr”, seier guten.

” Korleis da?” spør Ester.

” Gå til dyrebutikken” seier guten.

” Får eg venn der?” spør Ester.

” Ja, viss du kan betale”, nikkar guten.

Ester hentar pengane sine.

” Eg er snart tilbake”,kviskrar ho.

” Korleis finn eg han?” undrast Ester.

” Kom her!”

Ei lita mus viser vegen mellom husa … og opp trappa.

Der er dyrebutikken!

” Kom inn, kom inn!” roper ein papegøye.

” Velkommen!” helser dama i butikken.

” Eg vil kjøpe eit dyr”, seier Ester.

” Så du treng ein venn?” spør dama.

” Ja, eg lengtar etter det”, svarer Ester.

” Da skal eg sjå om eg har noko som passar for deg”, seier dama.

Da dama går for å leite, begynner elefanten å tulle. ” Hald opp!” ler Ester.

Plutseleg begynner golvet å riste.

Bodi- bom! Bodi- bom! læt det.

Ein ponni kjem travande.

” Hei! Er du vennen min?” spør Ester.

” Har eg nok pengar?” spør Ester.

” Ja, viss du kan passe hestar”, seier dama.

” Det kan eg”, nikkar Ester.

Ester og ponnien travar ut på gata.

I parken er marka mjuk og grøn.

” Her ser det nesten ut som heime”, ler Ester.

Et så mykje gras du vil”, seier Ester og kviler.

Bratt gøyr ein hund.

” Kom hit, Vennen!” roper Ester.

Etter Vennen spring guten.

” For ein fin hest!” roper han.

” Han er min!” ler Ester.

” Eg heiter Leo”, seier guten.

” Eg er Ester”, seier Ester.

Ester og Leo rir i lag.

” Der er skulen min”, peiker Leo.

” Å, for ein fin skule”, seier Ester.

Det blir kveld.

” Tenk om vi aldri finn vegen heim”, sukkar Ester.

” Mamma! Pappa!

Kvar er de?”

Ponnien stansar ved det siste huset i gata.

” Der er du jo!” seier pappa.

” Vi har vore så urolege” , sukkar mamma.

” Hesten eg kjøpte, fann vegen heim!” ler Ester.

Ester og pappa lagar ein stall.

” No kan eg ri kvar eg vil”, seier Ester.

” Men lov å halde deg her i byen”, ber pappa.

” Eg søv hos vennen min i natt”, smiler Ester.

” Heiter Hesten Vennen?” spør pappa.

” Nei, han heiter Fri”, seier Ester.

Ester drøymer om lange galoppar og om Fri, som ventar ved døra til den fine skulen.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: