Janta i Blindgata

“Ta godt imot Inga”, seier Hanne.

” Inga har flytta inn i Blindgata og skal gå i klassen vår.”

Tea ser på Teodor.

” Blindgata! Det er jo gata vår!”

Inga smiler til heile klassen.

Ho ser ut som om ho gler seg til timar og friminutt.

Inga går ikkje på SFO.

Ho går rett heim etter skulen.

Etter middag ringjer det på døra.

Det er Inga!

” Skal vi finne på noko?” Spør ho.

” Bli med meg heim! Eg bur i det kvite huset  inst i gata.”

Inga er artig å vere i lag med.

Ho har ein liten hund som heiter Knøtt.



” Skal vi leike i morgon? seier lnga.

” Ja! Eg ringjer deg etter middag”, seier Teodor.

” Eg har ikkje telefon”, seier Inga.

” Mor di har sikkert”, seier Tea.

Inga ristar på hovudet.

Dagen etter går Tea og Teodor til det kvite huset.

Inga sit utanfor i ei huske.

” Så fint at de kjem!” smiler Inga. ” Skal vi steikje pannekaker?”

Dei steikjer tjue pannekaker.

Fem blir brende.

Fem går i stykke når dei blir snudde.

Ti blir gode!

Dei et pannekaker så sukkeret knasar.

” kor er di mor og din far?”, spør Tea.

” Eg bur aleine”, seier lnga.

” Barn kan ikkje bu aleine”, seier Teodor.

Inga svarer ikkje. Ho berre smiler.

” Vi leiker gøymsel! “

Foreslår Inga.

” Ja! “

Det er mange stader å gøyme seg i det kvite huset.

Teodor gøymer seg i eit klesskap i andre etasje.

Han høyrer at Inga finn Tea.

” Kor er du? “

Roper Inga.

Teodor seier ikkje eit ord.

Teodor kikkar ut gjennom ein sprekk.

Han kan sjå Inga.

Inga står framfor spegelen.

Teodor skvett.

I spegelen ser han ei Fæl, gammal dame!

Han klarer ikkje la vere å rope.

” Fann deg! ” roper Inga.

Teodor krabbar fram.

” Vi må heim no”, seier Teodor.

” Må vi?” spør Tea.

” Ja!” seier Teodor fort.

” Mamma ringde!”

” Så rart”, seier Tea.

” Eg har ikkje signal på mobilen.”

” Kom att i morgon!” smiler Inga.

På vegen heim fortel Teodor om den gamle dama i spegelen.

” Er du sikker? ” spør Tea.

” JA!” svarer Teodor.

” Korleis kan det ha seg? ” seier Tea.

Kanskje det er mor til Tea som gøymer seg?

Kanskje det er ei gammal heks?

Kanskje nokon er fange inne i spegelen?

Vi må knuse den spegelen.

” Eg har ikkje lyst til å dra tilbake” , seier Teodor.

Dama i spegelen var ekkel.

Han vil ikkje sjå henne att!

” Ja, kom!” seier Tea.

Ho plukkar opp ein stein.

Inga sit i huska og ventar på dei.

” Vi leiker gøymsel!” seier Tea.

” Først godteri!” smiler Inga.

Dei et seg stappmette på godteri.

Så blir det gøymsel.

Inga står. Ho tel til femti.

Tea gøymer seg i klesskapet i andre etasje.

Ho har steinen i handa.

” Tea?” roper Inga.

Ho er på veg opp trappa.

Ho kikkar ut gjennom sprekken i skapet.

Så ser ho den gamle dama!

Ho ser ut som ei fæl gammal heks.

Men ho har same klede som Inga.

Tea dyttar opp skapdøra.

Ho har steinen i handa.

” Ikkje kast steinen!” seier Inga

” Eg skal redde deg frå den fæle dama!” roper Tea.

” Nei” skrik Inga.

Men Tea kastar steinen mot spegelen.

Teodor høyrer eit frykteleg skrik.

Det er som om nokon skrik for livet. Eller for døden.

Han spring opp.

Der står Tea.

Ho er heilt kvit i ansiktet.

” Kvar er Inga?” spør Teodor.

” Inga forsvann”, seier Tea stille.

” Korleis?”

” Eg veit ikkje. Da eg knuste spegelen, blei ho som …. som støv.”

På golvet ligg kleda til Inga i ein haug.

Teodor plukkar opp ein bit av spegelen.

Han held glasbiten opp mot lyset.

“Sjå”

I glasbiten kan dei så vidt sjå eit ansikt. Inga.

” Kva med hunden?” spør Tea.

” Eg trur ikkje det er nokon som eig han lenger”, seier Teodor.

Dei går heim. Huska svingar svakt i vinden.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: