Kongen har eseløyre

Dette er forteljinga om ein konge, Mia, ei tenestejente, bestevennen til kongen, eit tre,

ein tømmerhoggar

og ei harpe.




Det var ein gong ein konge med ein stor løyndom. Han fortalde det ikkje eingong til bestevennen sin.

Ingen visste om det …… bortsett frå tenaren som klipte håret hans.

Kvar månad klipte kongen håret sitt.

Så senda han tenaren i fengsel.

I juli var det Mai sin tur.

Mia såg øyra til kongen.

Ho var sjokkert, men sa det ikkje.

Så snart Mia hadde gjort seg ferdig, ropte kongen: I fengsel med henne!

” Men mor mi er sjuk “, sa Mia.

” Ho treng meg.”

Kongen tenkte på si eiga mor.

Han likte ikkje å setje folk i fengsel.

” Greit “, sa kongen.

” Lov meg at du aldri seier det til nokon.”

Den natta klarte ikkje Mia å tenkje på noko anna.

Ho berre måte fortelje det.

Til slutt fekk ho ein idé.

Ho skulle ikkje fortelje det til nokon.

Ho skulle fortelje det til eit tre.

Kongen har eseløyre!

Så gjorde ho det. No kjend Mia seg mykje betre.

Seinare kom ein tømmerhoggar og hogde ned treet.

Treet blei ei harpe.

Ein dag skulle kongen halde ein stor konsert.

Men den nye harpa spelte ein veldig rar melodi.

Kongen har eseløyre.

Kongen har eseløyre. 

” Du fortalde løyndommen min! ” brølte kongen til Mia. Bestevennen til kongen kom fram.

” Det er ingen løyndom”, sa han.

” Vi veit det, alle saman.”

” Og de har ikkje noko imot det? ” spurde kongen.

” Sjølvsagt ikkje! “

Så kongen slapp fri alle tenarane.

Og har lærte seg å like øyra sine.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: