Storebror

Eg gruer meg alltid til skulebussen. Eg er redd for dei store.

Ole og Sivar slepp å grue seg. Dei har kvar sin storebror der bak.

Kom, Sivar! roper broren, sjølv om han går på ungdomsskulen. 

Heldigvis roper aldri broren til Ole.

Ole sit alltid saman med meg.

Heime spør Elida om eg kan teikne ein brannbil.

  •  Nei, seier eg.
  • Eg teiknar stigen, seier Elida.

Stigen hennar ser ut som ein H med for mange strekar. 

  • Kan du teikne brannbilen?

Ver så snill? spør Elida.




  • Hysj. Eg gjer lekser, seier eg.

Ho teiknar ein stige til.

  • BÆ- BU – BÆ – BU, uler ho.
  • Å! Du bråkar! rober eg.
  • Hysj, seier Elida. – Eg gjer lekser.

Seinare kjem Sivar.

  • Vil du bli med på trening?

Broren min sa vi kunne.

Dei store har annleis trening enn oss.

Dei spring fort. Dei skyt hardt. Dei brøler.

Sivar og eg er ballgutar. Det er gøy.

Det blir frispark. Storebroren til Sivar dundrar ballen i mål. 

  • Jaaaaaa! roper Sivar.

Broren vinkar til oss. Tenk om det var min storebror.

Neste dag trener vi frispark på skulen.

  • Broren min har komme på kretslaget, seier Ole.
  • Wao! seier Sivar.
  • Han blir nok proff, seier Ole.
  • Slå opp på side 24, seier Anna, lœraren vår.

Å nei! Elida har teikna stigar på heile side 24. 

Det er blå og grøne strekar overalt.

Det er skulen si bok.

Tenk om eg får kjekt!

Ole ler.

  • Slik gjorde eg ein gong.

Broren min blei kjempesint, seier han.

På bussen blir det anda verre.

Sivar sit med storebroren.

Ole skal til å setje seg saman med meg. 

Men så går han bak til broren sin, han også.

Sjølv om han ikkje har ropt.

Nokon napper hua mi. 

Det er berre på tull, men eg får klump i magen likevel.

Korleis skal eg få hua tilbake?

Heime er eg sint.

  • Elida har teikna stigar i boka mi! roper eg.
  • Eg kan ikkje teikne brannbil. Eg må teikne stigar, seier Elida.
  • Dumming! brøler eg.

Eg vil ha ein storebror!

Kvifor har eg berre teite Elida?

Eg syklar bort til Ole.

Nokon roper i gangen når eg ringjer på.

  • Slutt å klenge, din dritunge!

Så kjem storebroren ut.

Han seier ikkje hei.

  • Han skal på trening, seier Ole.
  • Skal vi gå bort på treninga til broren din? spør eg.
  • Nei. Eg gidd ikkje, seier Ole.

Ole har nettopp blitt kalla dritunge.

Det er det aldri nokon som har kalla meg.

Storebroren til Ole roper aldri til Ole på bussen.

Men heime roper han.

Viss eg skulle velje meg ein bror, så hadde det blitt storebroren til Sivar.

Eg øver på frispark.

Elida har besøk. Dei sit på kjøkkenet og teiknar.

Ballen landar rett under vindauget.

  • Broren min kan skåre superharde mål, seier Elida.
  • Kan han? seier venninna.
  • Ja. Og han er megaflink til å teikne brannbilar, seier Elida.

Neste dag skal vi skrive kva vi vil bli.

Eg vil bli fotballspelar.

Det vil Ole og Sivar også.

Vi skriv det same. Men det er berre eg som har ein gul stige over heile sida.

  • Eg ser du har fått litt hjelp heime, seier Anne og smiler.

Ole sit saman med meg på bussen igjen.

Nokon nappar huene våre.

Eg snur meg og nappar dei tilbake.

  • Takk, seier Ole.

Eg har ingen storebror, tenkjer eg.

Eg er ein storebror.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: