Det har eg alltid drøymt om

No sit eg på balkongen utanfor hotellrommet og ser på utsikta. Vi var så heldige at vi fann eit hotell på Miami Beach. Det har eg alltid drøymt om. Men eg veit ikkje om vi blir her så lenge.

 Det er mykje dyrare her enn i Tampa.

Vi kan sjå havet, men dessverre er det ein veg med mykje trafikk mellom hotellet og stranda, og det bråker ganske mykje. Heile gata her er dessutan full av barar og restaurantar. Dei spelar høg musikk, så derfor fekk vi ikkje sove så mykje i natt.



Det er utruleg varmt her, nesten 35 grader. I formiddag var vi på stranda og bada, men det er så varmt i vatnet at ein nesten ikkje blir avkjølt. 

Eg trur det er over 30 grader i vannet også!

 Det er nesten så eg lengtar tilbake til Noreg.

Eg tenker på det kjølige vatnet i elva som vi bruker å bade i. Folk her er ikkje så høflege heller. Vi bestilte ein båttur, men måtte vente ein time på båten før han køyrde.

Då vi spurde om kvifor vi måtte vente, fekk vi beskjed om at vi godt kunne ta ein annan båt i staden! Ja, ja, men vi må ikkje klage. 

Håper du har det bra i Noreg?

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: