Den amerikanske revolusjonen

  • Dei tretten britiske koloniane på den amerikanske austkysten blei styrte frå London etter merkantilistiske prinsipp. Dei blei etter kvart verdifulle og sentrale i den transatlaniske trekanthandelen.
  • Koloniane skulle støtte det britiske næringslivet, så det var derfor eit mål i seg sjølv frå britane si side at dei ikkje var sjølvberga. 
  • Utover på 1700- talet auka folketalet kraftig, og folk Kom til frå fleire nye land og område.



  • Dei amerikanske handelsmenne var ikkje nøgde med at dei berre fekk handle med Storbritannia.
  • Koloniane var styrte frå Storbritannia, men hadde eit visst indre sjølvstyre. Styresettet varierte frå stat til stat, men i hovudsak blei dei 13 statane styrte av folkvalde forsamlingar.
  • Dette levandegjorde mange av ideala i opplysningstida.
  • I koloniane fans verken stender eller handelsprivilegium slik som i Europa. Amerika var moglegheitene sitt land, og der var høg religiøs toleranse.
  • Under Ludvig 14. kjempe franskmennene hardt med britane om oversjøiske koloniar. Dei trengde sørover langs Mississippi og kalla området Louisiana.
  • Den eskalerande konflikten enda med sjuårskrigen (1756- 1763), krigen i Amerika blei kalla ” The french- Indian War”.
  • Etter freden i Paris tok britane kontroll over dei viktigaste områda i Nord- Amerika.
  • Før krigen mot franskmennene og indianarane hadde koloniane vore fritatt for skatt, dei hadde berre betalt toll. Men krigen hadde vore dyr, så kongen og Parlamentet i London meinte at kolonistane burde vere med på å dekke desse utgiftene gjennom skatt.
  • The Stamp Act, av 1765, som gjekk ut på at så godt som alle nye statlege dokument måtte ha eit avgiftbelagt stempel, førte til euro og oppstand.
  • Kolonistane møtte lova med slagordet ” no taxation without representation”. Så lenge dei ikkje hadde representantar i den britiske folkeforsamlinga, skulle dei heller ikkje betale skatt.
  • Kolonistane organiserte ein boikott av britiske varer, og britane oppgav mesteparten av denne lova.
  • Men striden heldt fram, og britane innførte snart ein vesentlig høgare toll på mellom anna glas, papir, vin, olje og te.
  • Kolonistane organiserte ein ny boikott, og til slutt stod det berre att ei symbolsk tollavgift på te.
  • Konflikten toppa seg i 1773 med ” The Boston tea party”, då aksjonistar forkledde som indianarar dumpa telasten frå britiske skuter over bord i hanna i Boston.
  • Det blei ein spent situasjon, og kolonistane vald utsendingar til ein felles kongress mellom koloniane.
  • Det blei etter lange og krasse diskusjonar vedtatt att all handel med britane skulle avsluttast, og at ein måtte ruste til krig.
  • Då britiske soldatar i 1775 prøvde å beslaglegge våpen frå eit lager i Massachusetts møtte dei væpna motstand, og krigen braut ut.
  • Etter krigsutbrotet valde kolonistane ein ny kongress, som etter kvart fungerte som eit krigsministerium.
  • Det blei Salma ein felles hær under George Washington.
  • 4.juli 1776 vedtok den amerikanske kongressen Fridomserklæringa, der dei 13 koloniane på papiret reiv seg clause.
  • Erklæringa var den fyrste i verda som snakka om like rettar for all menn ( All men are created equal of God)
  • Ho bygde på naturrettsfilosofien ( Rousseau og Grorius)

Folkesuverenitetsprinsippet ( m.a. Voltaire og Locke)

og maktfordelingsprinsippet ( Montesquieu).

  • Det braut ut full krig, og mange frå kolonisthæren deserterte ( truleg var berre ein snau halvpart for eit brot med britane).
  • Den britiske hæren var best utstyrt og hadde stor krigserfaring. Dei vann dei opne slaga, medan kolonistane dreiv ein slags geriljakrig.
  • Indianarane deltok på begge sider, men eit fleirtal kjempa på britiske side.
  • Det som gjorde det endelege utslaget i krigen var at den hardt pressa kolonisthæren fekk støtte frå franskmennene og spanjolane.
  • Krigen var i praksis over i 178 (Yorktown), og i 1783 kom det i stand ein fredsavtale der britane akseptert koloniane sitt sjølvstende.
  • Det blei vedtatt ei endeleg grunnlov for USA i 1787.

 

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: