Det er talen min

Hei alle saman

Eg heiter Rana og kjem frå Syria. Eg og mannen min flytta hit fordi det er krig i Syria. Eg har ansvar for dei syriske kvinnene i lokale her i Ulsteinvik, og eg liker å hjelpe folk, og derfor er eg med i Saniteten. Syriske kvinner er påverka av krigen i Syria.




Mange av dei er voldtatt og bortført, og derfor har fleire foreldre flyttar med familien sin til andre land som er trygge. Mange kvinner flyttar med barna sine over sjøen, og dei mista liva sine.

Mange flytta ut til ulike land, og dei bur i Tyrkia, Libanon, Jordan og Europa. Det første for dei er å bu i leiarar i Jordan og Tyrkia uten hjelp i dårleg vêr.

Vi skal sjå ein kort film om det og “Angelina Jolie” fortel om det. https://youtu.be/BMCpy_UeRYc

Noreg er betre enn å leve i mange andre land. Mange kvinner kan ikkje sørge for sine barns behov på grunn av fattigdom etter krigen.

Mange kom til Noreg og lever mykje betre enn i arabisk land fordi Noreg har  rettferdighet, sikkerhet og likestilling, og det er ingen forskjell mellom vanlege innbyggjarar og flyktningar når dei gjeld menneskerettar. Men dei har utfordringar med å lære språk , finne jobb og få seg vennar. Takk så mykje til Sanitetsforening som arbeider for å hjelpe og for betre kvinners velferd.

Rana Albitar 

“Talen min var den 8 mars i 2019 i kvinnedagen”

Kommentar av lærar:

Dette var ein flott tale! Veldig sterkt innhald om alt det som mange kvinner opplever i Syria og det å vere på flukt. Det er stort sett godt språk.

Følg oss på sosiale nettsider

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: