Norskopplæring (Teksten B2)

Vil gratis norskopplæring for alle føre til at fleire innvandrarar lærer seg norsk?

Mange innvandrarar bur i Noreg, og dei treng å lære norsk for å ta kontakt med nordmenn. Det er ikkje gratis for alle. Nokre av dei blir sinte på dei reglane. Mange kom hit og har ikkje noko pengar for å starte på norskkurs. Eg såg på tv at myndigheitene anbefaler innvandrarar å lære norsk både skriftleg og munnleg. Nesten alle i Noreg jobbar og betaler skatt så staten kan bruke skattepengar  til å betale norskkurs. Det er utrolig viktig at innvandrarar lærer norsk for å komme seg ut i arbeid og betale skatt, og dei blir nyttige i samfunnet. Denne saka blussar opp av og til og politikarane er ofte ueinige om dette. Viss det blir gratis norskkurs, kan alle gå på kurs for å lære språk. Da kan ein finne ein god jobb og betale skatt. Nokre innvandrarar jobbar litt for å tene pengar for å starte på norskkurs. Kanskje denne jobben ikkje passar dei, men dei har behov for jobben. Noreg er eit dyrt land, og det er viktig at begge i eit par jobbar og tener pengar for å ha eit godt liv.

 Etter mi meining er det kjempebra å ha gratis norskkurs for alle uansett innvandrarar eller flyktninger.  Eg håper at staten kan vedta gratis norskkurs for alle innvandrarar.

Kanskje tenker politikarane at det ikkje kan bruke mykje pengar på det. Dei bestemmer seg for å bruke pengane på andre ting som også er viktige  for eksempel å bygge ein ny barneskole eller ein ny veg.

Det er ikkje alle som kjem til Noreg som har lyst å lære eit nytt språk, og det er krevende. Viss det vert gratis norskkurs for alle, kan det bli obligatorisk. Mange ønsker ikkje det, og dei vil finne jobb så raskt som mogleg. Nokre av innvandrarane kan lære norsk gjennom jobb eller praksis, og dei har ikkje lyst å gå på norsk. Nokre har vitnemål frå heimlandet sitt, og dei treng å få godkjent frå Nokut for å starte i jobb, men det er ikkje nok for å starte på jobb utan kunnskap om språket. Språk er nøkkelen til alt, og vi treng å snakke norsk heile tida til dømes i butikken eller i legesenteret. Det er eit stort problem å be om tolk heile tida, og det er slitsom for alle. Det er også dyrt for samfunnet at folk treng tolk heile tida. 

 

Følg oss på sosiale nettsider

One thought on “Norskopplæring (Teksten B2)

Leave a Reply

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Translate »
error: Content is protected !!
WhatsApp chat
%d bloggere liker dette: